«- Godt han fekk døy!»
«- Godt han fekk døy!»Av Dag Rune Lid Frå tid til anna møter me denne utsegna frå menneske som har mist ein av sine nære, og kanskje i samanheng med lang tids sjukdom. Frå menneskeleg synsstad kan det være naturleg å sjå det slik. Ein tenkjer at då er det slutt på smerte og nød – og at det er det beste for vedkomande. Å døy som ein kristenFor den som døyr i trua på Jesus så er det å døy det største som kan skje eit menneske. Då blir ein forfremma til herlegdomen heime i himmelen der det ikkje er sorg, smerte og naud av noko slag. Bibelen skildrar himmelen i dei vakraste bilder som tenkjast kan for mennesketanken. …