Korleis Herren arbeider
Korleis Herren arbeider Av Dag Rune Lid Det katastrofale hadde skjedd. Han som dei hadde satsa livet på, han som dei trudde skulle forløysa landet deira frå fienden, var død. Framfor augo deira hadde han vorte dømd til døden, og krossfest på brutalt og forferdeleg vis. Det var heilt ufatteleg. Han hadde berre gjort godt. Han hadde lægt dei sjuke. Han hadde gjort døde levande. Han hadde gjort blinde sjåande – og så hadde dei lagt han for hat og teke livet av han. Det var som dei ikkje kunne fatte at mennesket kunne handle slik. Han var som eit lam, og let seg hudflette, tornekrone og nagla til krossen. Desse tre åra dei hadde vore saman med han, hadde …