Korleis eg kom gjennom til liv i Gud

Vekking rundt århundreskiftetUtover hausten i 1902 var det liksom det livna til i det kristelege arbeidet inne i Norheimsund. Folket byrja søkja til bedehuset. Dette gledde dei gamle truande venene der inne, og dei la opp til festar og stor aktivitet i julehelga. Så kom julaftan, og det rauk opp til storm, med orkan i bygene. På juledagsmorgon stilna stormen, men då spurdest det i bygda at tre mann frå Kaldestad, to brør og sonen til den eine, var drukna om natta då dei hadde gjort freistnad på å redda ei skuta som låg forankra ute på Sundet. I ei av «Kvammabøkene» våre, står det å lesa at det var fire mann som gjekk ut i bergingsbåten, og berre den …

Korleis eg kom gjennom til liv i Gud Les mer »