Søk
Close this search box.
Søk

Ragnar Opstad

Livets alvor

Som ung kristen kom eg i ein samtale med ein eldre, kristen bror til å nemna alvoret med at vi skal døy ein dag. Han for sin del tykte det var alvorligare med livet!

Den ugudelege – som trur

To slags omvendingar Det eine slaget er å vilja bli frelst ved gjerningar. Det andre er å bli frelst ved tru. Alle vil vi i  utgangspunktet bli frelst ved tru, men dei mange ender opp med å vilja bli frelst av gjerningar. Kva er årsaka til det?

Jesus, takk at du betalte

For ei tid sidan var det ein som spurde om eg ikkje kunne skriva ein song! Tanken bak det var vel at når eg skriv såpass mykje som eg gjer, kunne eg vel like godt skriva ein song! Den evna har eg aldri hatt, så eg tenkte ikkje noko meir på det.

Freistingar i kristenlivet

Eit kvart Guds barn vil koma ut i freist-ingar av ymse slag. Freistinga kjem frå djevelen, verda eller vårt eige kjøt – eller av alle på ein gong. Samstundes er freistinga ei prøve, tillete av Gud.

Til ettertanke

Det ringjer på ytterdøra di ein dag. Du byr vedkomande inn. Han har noko interessant han vil dela med deg. Medan han talar tek han fram nokre flotte bilete han vil syna deg.

«Guds Sønn har gjort meg fri»

Det er Hans Adolph Brorson, som i tru og tillit til det fullførte frelseverket, prisar Guds Son på denne måten. Brorson ser seg fri i det som Jesus har gjort for han. Og det kan han ikkje halda for seg sjølv og utbryt: «Guds Sønn har gjort meg fri …» (Sb 317).

Gestemane, Golgata og fortapinga

Når eg les det som Andreas Fibiger skriv i boka «Guds Lam» om lidinga i Getsemane og på Golgata, då kan eg på ein måte forstå at frelsa er gratis for meg. Det har Jesus verkeleg fortent – på mine vegne. Med tanke på det som skjedde frå Getsemane til korsfestinga fram til kl. 12, skriv Fibiger: «Og likevel – alt dette var for intet å regne mot den sjelekvalen han led da han i disse tre timene (12-15) gikk inn i det store mørket og ble skilt fra Gud. Da var Jesus i helvete for oss. For hva er det å være i helvete? Det er å være der hvor Gud ikke er. Det er helvete, og det er …

Gestemane, Golgata og fortapinga Les mer »

Løyndommen i evangeliet

Kva er så denne løyndommen i evangeliet? Det er ein løyndom som i første omgang ikkje ser ut som ein løyndom. Det er slik med Guds ord. Ordet er klårt og tydeleg nok, men det avheng av Den Heilage Ande kven som skal få del i det. I den samanhengen har eg tenkt på ein enkel setning som ein kan seia samlar hovedsaka i evangeliet – og som er ein løyndom: «Det er nok det som Jesus gjorde!» Er det nokon løyndom? Det er jo noko som alle kristne veit! Det er like fullt ein løyndom. For dersom det Jesus gjorde for meg er nok, då er eg frelst! «Derfor kan du med frimodighet løfte ansiktet og si: Jeg er …

Løyndommen i evangeliet Les mer »