Søk
Close this search box.
Søk

Ragnar Opstad

Anstøtet i forkynninga

Evangeliet må openberrast for oss – både første gongen og seinare i kristenlivet. Det er ein døds- og livsprosess som varer livet ut. Gamle Adam skal døy. Han må setjast på sveltekost, samstundes som det nye livet må få tilført ny, sunn næring. Men gamle Adam, som vi ber i vårt bryst, vil ikkje døy. Dermed oppstår det eit anstøt som kan slå begge vegar: Til forherding eller til vokster i nåden og kjennskapen til Kristus. Det blir ein dom over alt mitt eige, men ei ny evangelisk forvissing om nåden for den som let seg avkle og på nytt finn sitt alt i Jesus. Dette skiljet synest truleg best i vekkingstider. Carl Olof Rosenius skriv ein stad at i …

Anstøtet i forkynninga Les mer »

Åndssituasjonen blant oss truande

Vi blir alle meir eller mindre påverka av tidsånda. Om Herren ikkje kjem oss til hjelp, har vi lite å stilla opp med – mot dei tre sterke maktene i livet vårt: Djevelen, verda og vårt eige kjøt. Forkynninga av Guds ord er ein svært viktig reiskap og ei gåve som er gjeve oss til frelse og hjelp i striden. Men det er også dei som forkynner «fred, fred, men det er ingen fred». Når satan endåtil kunne tala gjennom apostelen Peter for å føra Jesus bort frå lidingsvegen, så kan han også bruka andre, og gjer det. Det er i dag mykje forkynning som ikkje er oss til noko hjelp, ja, som kan vera – og er – skadeleg. …

Åndssituasjonen blant oss truande Les mer »

Utløyst – og kalla på namn

«Og no, så seier Herren som skapte deg, Jakob, som laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut, kalla deg på namn, du er min.» Jes 43:1 Ver ikkje redd! «Jeg ofte er i frykt og fare og tenker alt er selvbedrag». Denne frykt veit Herren om hos sine barn, og så møter han dei med si trøyst: «Ver ikkje redd!» Kva er årsaka til det? Eg har løyst deg ut! Eg har betalt skulda di! «For det er éin Gud og éin mellommann mellom Gud og menneske, mennesket Kristus Jesus. Han som gav seg sjølv til ein løysepenge for alle» (1Tim 2:6). Kalla deg på namn Kva vil det seia å vera kalla på namn? Når …

Utløyst – og kalla på namn Les mer »

Det som var ei vinning for meg

«Men det som var ei vinning for meg, det har eg for Kristi skuld halde for tap.» Fil 3:7 Det er Paulus som skriv dette til Filipparane. Kva var så Paulus si vinning? Han var omskoren den åttande dagen, av Benjamins stamme, ein hebrear fødd av hebrearar. Han var uklanderleg etter loven, brennande ihuga etter å forfylgja kyrkjelyden – for han trudde han tente Gud med det. I tillegg kom det som høyrde til hans gudsteneste, alle slag offer: matoffer, brennoffer, røykelseoffer osv. Carl Olof Rosenius seier at alt dette svarar til det som hos oss i nytestamentlig tid kallast gudsfrykt: bøn, andakt, gudsteneste, gode gjerningar osv. Den tronge porten Kvar og ein som vil til himmelen, må gå gjennom …

Det som var ei vinning for meg Les mer »

Eitt er nødvendig

«Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men eitt er nødvendig. Maria har valt den gode delen, som ikkje skal takast ifrå henne.» Luk 10:41-42 I dag gjeld det ikkje Marta og Maria, men deg og meg. Det er mykje som vil oppta tida vår. Maria brukte tida rett. Kvifor var det så viktig? Vi er gjenstand for ein kamp om vår sjel som går føre seg i vårt hjarteliv, ein kamp mellom to makter som vi sjølv ikkje har krefter til å gjera noko med. Eitt er nødvendig, vart det sagt til Marta. Det er vårt forhold til Guds ord som til sist blir det avgjerande. Går vi fortapte, er det heilt og fullt vårt …

Eitt er nødvendig Les mer »

Han frelste oss

«Han er den som har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall. Han gjorde det ikkje etter gjerningane våre, men etter sitt eige råd og den nåden som han frå evige tider gav oss i Kristus Jesus.» 2Tim 1: 9 Jesus og den samaritanske kvinne, av Carl Block Herren kallar på alle menneske. Dei fleste står imot kallet og vil få sin dom i si tid. Andre tek imot kallet og omvender seg. Ut frå våre eigne tankar trur vi at alt dermed er gjort. Gamle Adam, som vi alle ber med oss i vår natur, vil ikkje omvenda seg, men han kan vera med å leva eit fint liv, berre han slepp å døy. Han kan gjerne …

Han frelste oss Les mer »

Lov og evangelium

«For Kristus er endemålet for lova, til rettferd for kvar den som trur.» Rom 10:4 Ei fortapt menneskeslektGuds ord kjem til oss som lov og evangelium og er eitt med Gud i hans heilagdom og hans kjærleik. Lov og evangelium er som eit bilete eller ei openberring av Gud. Ingen kan bli frelst utan å læra og kjenna Gud som den han er, heilag og nådig. Etter syndefallet er kvart menneske eit fortapt menneske, åndeleg dødt. Like lite som vi kan forventa noko av eit dødt menneske, forventar heller ikkje Gud noko av oss når det gjeld vår frelse. For å berga ei fortapt menneskeslekt, måtte han senda ei ny slekt, ein ny Adam, Jesus Kristus, til å oppretta det …

Lov og evangelium Les mer »

Skiljet i menneskeætta

Korleis gjekk det med Barabbas etter at han vart fri – då Jesus bytte plass med han? Vart han frelst? Det står ikkje noko om det. Barabbas er på ein måte eit bilete – eller eksempel på den universelle forsoninga som vart alle til del gjennom Jesu stedfortredergjerning. Vil vi fylgja Barabbas vidare, så finn vi han representert gjennom dei to brotsmennene som vart krossfesta saman med Jesus. Desse to representerer ikkje den universelle forsoninga, men illustrerer korleis det kjem til å gå med alle frikjøpte «Barabbasar», dvs. med kvart enkelt menneske. Som dei to brotsmennene vart krossfesta ein på kvar side av Jesus, slik blir det eit skilje i menneskeætta; det blir to flokkar. Midt i dette skiljet står …

Skiljet i menneskeætta Les mer »

Fallet og gjenopprettinga

Før syndefallet var jo Adam utan synd. Var det ikkje då lettare for han å stå imot freisting enn for oss? Vi veit at slangen gjekk vegen om Eva for å fella Adam. Dei var ikkje klar over kven denne slangen var. Han fekk venda augo frå Guds ord til treet og frukta. Dermed var det gjort. Eva tok av frukta og åt – og gav til mannen sin, som var med henne, og han åt, og slekta kom under Guds dom. Er vi eigentleg så mykje betre enn dei? Vi har Guds ord og bod og veit å kunna skilja mellom godt og vondt. Likevel kan vi falla og gjera tvert imot Guds vilje, endå vi på førehand veit …

Fallet og gjenopprettinga Les mer »

Arv og testamente

Frelsa kan liknast med ein arv, testamentert til alle menneske. Arven må difor kunngjerast for alle, for vi er alle syndarar; slik at einkvar kan få ta han i eige. Adam var slekta sin representant. Han vart prøvd i forhold til det å ikkje eta av frukta på eit bestemt tre. Med hjelp frå Eva, fall han – og dermed heile menneskeslekta med han. Det er ein arv som vi alle har fått gjennom natur-overføring, gjennom vår fødsel. For ca. 2000 år sidan vart Jesus født inn i vår slekt. Han blir gjerne kalla den andre Adam. Han skulle prøvast gjennom å leva eit liv utan synd, oppfylla alle Guds bod og sigra der den første Adam fall – og …

Arv og testamente Les mer »