Søk
Close this search box.
Søk

Ragnar Opstad

Avguden mammon

Vi har alle eitt eller anna forhold til avguden mammon. Vi gir av våre pengar til misjonen. Mange gir mykje, andre mindre, men truleg er det ikkje så mange som gir så mykje som den fattige enkja som gav to skjervar. Eg meiner å ha høyrt sagt at det var nok til mat for ein dag. Ho gav av sin fattigdom alt det ho åtte, alt det ho hadde å leva av (Mar 12:41-44). Ho var løyst frå mammon. For ei tid tilbake høyrde eg ein som sa at når han kom til himmelen, ville han spørja den enkja kva ho fekk til middag den dagen! Eg vil tru at dei fleste av oss gir av vår overflod, og då …

Avguden mammon Les mer »

Bøn om vekkjing

Det er naturleg for ein kristen å be om vekkjing. Under slik bøn er det viktig å spørja seg sjølv om det kan vera noko i mitt eige liv som kan stå i vegen og vera ei hindring. Ein ting er sikkert; er det synd som vi ikkje vil skiljast frå, så vert ein eit hinder både for seg sjølv og for andre. Det er blitt sagt at sann vekkjing begynner med Guds folk. Det kan nok i mange tilfelle vera slik, for Ordet når som regel dei truande først – og gjer si gjerning i hjartejorda. «For tida er komen då domen skal ta til med Guds hus …» (1Pet 4:17). Men vi ser i Guds ord (også i …

Bøn om vekkjing Les mer »

Vår fristad

«Herren tala til Josva og sa: Tal til Israels-borna og sei: De skal gje frå dykk dei fristadene som eg tala til dykk om gjennom Moses. Dit skal ein drapsmann kunna røma når han har slege nokon i hel av vanvare, utan forsett. De skal ha dei til fristader for drapsmannen når han rømer for blodhemnaren. Han skal røma til ein av desse byane. Der skal han stå attmed inngangen til byporten og leggja saka si fram for dei eldste i byen. Så skal dei ta han inn til seg i byen og gje han ein stad der han kan bu. Når blodhemnaren jagar etter han, skal dei ikkje gje drapsmannen over til han, sidan han slo nesten i hel …

Vår fristad Les mer »

Vår frelsedag

Gjennom omvending og tru på Jesus blir eit menneske frelst. Når det gjeld omvendinga, kan ein seia at det er to hovedgrupper: Dei som vert omvende – og dei som omvender seg. «Vend du meg om, så vert eg omvend!» (Jer 31:18). «Frels meg, så vert eg frelst!» (Jer 17:14). Dei sistnemnde begynner å leva som kristne og har si trøyst i omvendinga og sitt meir eller mindre vellukka kristenliv, samtidig som dei trur på Jesus – at han tilgjev dei når det mislukkast i kristenlivet. Desse byggjer halvt på Jesus, halvt på seg. Det er ei blandingstru som ikkje frelser nokon. Enten må det vera av nåde – og berre nåde, eller så må det vera av gjerningar – …

Vår frelsedag Les mer »

Synd og nåde

«Du har berre trøytta meg med syndene dine, og gjeve meg møde med misgjerningane dine. Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.» Jes.43:24-25 «Du visste alt om meg før du meg kalla …»«I opphavet skapte Gud himmelen og jorda» (1Mos 1:1). Når det gjaldt mennesket, sa Gud:«Lat oss gjera menneske i vårt bilete, i likning med oss» (1Mos 1:26). Det var ei rådslaging i himmelen mellom Gud Fader, Sonen og Den Heilage Ande før mennesket vart skapt, kor Sonen sa seg villig til å koma ned til jord som den andre Adam og oppretta syndefallet, som den allvitande Gud kjende til før det hende (Ef. 1:4). …

Synd og nåde Les mer »

Ære av menneske

«Det var likevel mange som trudde på han, mellom rådsherrane òg. Men på grunn av farisearane sanna dei det ikkje, så dei ikkje skulle verta støytte ut av synagoga. For dei ville heller ha ære av menneske enn ære av Gud.» Joh 12:42-43 I Brevet til filipparane, skriv Paulus: «Gjer ikkje noko av æresjuke eller av lyst til tom ære, men akta kvarandre i audmjukskap høgare enn dykk sjølve» (Fil 2:3). Om læresveinane kan vi lesa at det oppstod ei trette mellom dei om kven som skulle gjelda for den største! (Luk 22:24) Tenk, blant læresveinane! Skal tru om vi er betre enn dei? Ein av våre forkynnarar som nå er død, fortalde under eit møte at han i ein …

Ære av menneske Les mer »

Den tronge porten

«Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortapinga, og mange er dei som som går inn gjennom han. For trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.» Mat 7:13-14 I bladet «Evangelisten», 15. august 2015, var det teke inn eit lite stykke som hadde stått i same bladet tidlegare, nærare bestemt 15. april 1939: «Korsets ord min sjel gav fred». I dette stykket av Reidar Østrem, var det fletta inn fylgjande forteljing: «En troende lærer fortalte: En dag han var ute og gikk, ble han minnet om å gå hjem en annen vei enn hva han …

Den tronge porten Les mer »

Åndelege brytningar

Det finst eigentleg berre to slags menneske på jorda: frelste og ufrelste. Desse kan igjen delast i tre kategoriar: frelste, ufrelste og religiøse. Farisearane på Jesu tid er eit eksempel på denne tre-delinga. Ingen var så sikre som dei at dei hadde det rett i sitt gudsforhold, men dei høyrde saman med dei ufrelste. Desse to slags bekjennande kristne er meisterleg skildra i boka, «Våre lamper slokner», av J. F. Løvgren, som har vore attgjeven her i bladet. Av Skrifta ser vi at Jesus prøvde å koma dei til hjelp som vart kalla «tollmenn og syndarar», men òg dei religiøse. Når vi les om dette i Bibelen, ser vi at Jesus fekk koma mange av dei førstnemnde til hjelp og …

Åndelege brytningar Les mer »

Den evige fortapinga

For ei tid sidan vart det sitert på et møte, noko frå ein tale av Jonathan Edwards frå USA, som gjorde sterkt inntrykk på meg. Sitatet sto i eit dansk hefte, eller tidsskrift, som heiter «Nytt Liv» (nr. 1-2015). På slutten av stykket blir det opplyst at det er omsett av Mads Dahl Mølgård Madsen (frå engelsk til dansk). Mikkel Vigilius skriv innleiinga. Ho er så opplysande og interessant at vi tek ho med, før vi gjengir siste delen av talen: Jonathan Edwards og hans forkynnelseI USA brøt den første store vekkelse ut i 1730. Det antas at 5 % av befolkningen i USA ble omvendt. Den sentrale forkynner i vekkelsen var presten, Jonathan Edwards. Hemmeligheten i predikantgjerningen lå i …

Den evige fortapinga Les mer »

«Men eg har imot deg…»

«Eg veit om gjerningane dine og arbeidet ditt og at du har halde ut og ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvd dei som kallar seg sjølve apostlar, og ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar. Du har tolmod, og du har hatt mykje å bera for mitt namn skuld, og du har ikkje gått trøytt. Men eg har imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. Kom difor i hug kva du har falle ifrå. Vend om, og gjer dei fyrste gjerningane! Elles kjem eg brått over deg og flytter ljosestaken din bort frå staden hans – dersom du ikkje vender om. Men dette har du: Du hatar gjerningane åt nikolaittane, som …

«Men eg har imot deg…» Les mer »