«Lasarus, kom ut!»
«Det luktar alt av han, for han har lege der i fire dagar», vart det sagt om Lasarus. Men på Jesu ord kom han ut. (Joh 11:39-43). Like lite som Lasarus kunne vekkja seg sjølv, kan eit åndeleg dødt menneske gjera det. Jesu ord opna øyro på Lasarus, og hjarta begynte å slå. «Då kom den døde ut», står det. Det er ikkje sikkert at Lasarus kjende seg så fri og glad då han kom tassande ut, sveipt i likklede på hender og føter og med ein sveitteduk bunden om andletet – og beglodd av alle omkringståande. Det hadde vel vore betre å få slå opp augo i himmelen! Men på Jesu ord kom han ut – i den habitten …