Søk
Close this search box.
Søk

Ragnar Opstad

Død eller levande tru

Død eller levande tru Av Ragnar Opstad «Vart ikkje Abraham, far vår, rettferdiggjord av gjerningar då han ofra Isak, son sin, på altaret?» Jak 2:21 Ta gjerne tid til å lesa heile avsnittet (2:14-26) før du les vidare. Vi kan stilla eit motspørsmål: Vart ikkje Abraham frelst av berre nåde? Jau, han vart frelst av nåde utan ei einaste gjerning. «Abraham trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd» (v. 23). Det same finn vi i Romerbrevet (4:1-5). Når det kan synast for oss som om Guds ord motseier seg sjølv, skuldast det at vi ikkje har nok lys over Ordet. To slags tru Abraham vart frelst av berre nåde, men gjerningane hans vitna om at han hadde ei …

Død eller levande tru Les mer »

Tankar om forkynninga

Tankar om forkynninga Av Ragnar Opstad Ein forkynnar må tala det Guds ord som han får å gå med, uavhengig av om tilhøyrarane likar det eller ikkje. Forkynninga sist i 1950-åra og utover Det som serprega ein del av forkynninga på den tida, var at ho var ransakande, «dødande» og frigjerande. Det var åndsmakt i bodskapen, og eg hugsar eg vart fråteken mi eiga rettferd og det som Herren hadde verka i livet mitt, og som eg nok meir og mindre sette mi lit til. Og så fekk eg flytta over og kvila i det som var fullført på Golgata. Eg foraktar ikkje «den ringe begynnelses dag» (Sak 4:10). Nei, Herren stelte med meg omtrent som han gjorde med den …

Tankar om forkynninga Les mer »

Ofringa av Isak

Ofringa av Isak Av Ragnar Opstad «Ei tid etter hende det at Gud sette Abraham på prøve. Han sa til han: Abraham! Og han svara: Ja, her er eg. Då sa han: Tak no sonen din, den einaste du har, han som du har så kjær, Isak. Drag til Moria-landet. Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, som eg skal syna deg». 1Mos 22:1-2 Skulle Gud kunna frelsa slekta på den måten han hadde bestemt, måtte han gi Abraham ein son, for gjennom denne sonen skulle frelsaren koma. I 25 år vandra Abraham i venting og tru. Då all menneskeleg von om å få ein son var ute, vart Isak født. No hadde endeleg Abraham fått …

Ofringa av Isak Les mer »

I sjelesorg hos Jesus

I sjelesorg hos Jesus Av Ragnar Opstad «Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse? Peter seier til han: Ja, Herre, du veit eg held av deg. Jesus seier til han: Fød lamma mine! Han seier til han andre gongen: Simon Johannesson, elskar du meg? Han seier til han: Ja, Herre, du veit eg held av deg. Han seier til han: Gjæt sauene mine! Tredje gongen seier han til han: Simon Johannesson, held du av meg? Peter tykte det var leitt at han tredje gongen sa til han: Held du av meg? Og han seier til han: Herre du veit alt, du veit at eg held av deg. Jesus seier …

I sjelesorg hos Jesus Les mer »

Den frelsande trua

Den frelsande trua Av Ragnar Opstad «Då han gjekk inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna og ropa med høg røyst: Jesus, Meister! Miskunna deg over oss! Han såg dei og sa til dei: Gå av stad og stig fram for prestane! Då hende det at medan dei var på vegen dit, vart dei reine. Men då ein av dei såg at han hadde vorte lækt, vende han attende og lova Gud med høg røyst. Og han fall på sitt andlet framfor føtene hans og takka han. Han var ein samaritan. Men Jesus svara og sa: Var det ikkje ti som vart reinsa? Kvar er då dei ni? Var det ingen …

Den frelsande trua Les mer »

Blodet og surdeigen

Blodet og surdeigenAv Ragnar Opstad «Blodet på dei husa de er i, skal vera til eit teikn for dykk. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi dykk. Ikkje eit einaste drepande slag skal råka dykk når eg slår Egyptarlandet.» «I sju dagar skal de eta usyrt brød. Straks på den fyrste dagen skal de ha all surdeig bort frå huset dykkar. Kvar den som et syrt brød frå den fyrste til den sjuande dagen, han skal rydjast ut or Israel.» (2M 12:13,15) Vers 13 har nok vore til trøyst for mange, som det også har vore for meg. Det har eit så sentralt evangelisk innhald. Men så kan ein undrast: Kvifor blanda inn dette med surdeigen i samanheng med …

Blodet og surdeigen Les mer »