Vitnemål frå songboka
Vitnemål frå songbokaAv Sigrid Skutlaberg Eg sit og blar i ei songbok. Det er songboka som svigermor, Anna Skutlaberg brukte. Ho vart fødd i 1900 og døydde i 1992. Mi eiga mor var død i 1956, berre 55 år gamal. Me som sat att kjende stor sorg over at mor var borte. Men Gud hadde fått oss slik i tale ved mor sin bortgang at far og dei fleste av oss syskena kom til liv i Gud vinteren etter mor sin død. Slik vart mor sin bortgang oss til velsigning. I 1962 gifte eg meg og kom til garden Tolo i Norheimsund. Då vart eg kjend med svigermor som straks gav til kjenne at ho heldt av meg. Ho fylte …