Søk
Close this search box.
Søk

Gunnar Soppeland

Kven vil gå for Herren?

Kven vil gå for Herren?Av Gunnar Soppeland Frå ein tale under opningshelga og arbeidarmøtet i NLL på Bibelskulen på Fossnes, 20. august 2005. Tilrettelagt til skriftleg form av Dag Rune Lid. Menneskeleg visdom og kunnskap ser i dag ut til å gjere menneska sikre på seg sjølve. Innsyn i alle livets samanhengar gjer at ein og kan berekne og kalkulere seg fram til resultat ved kløktige logiske system. Det er slike system kyrkjevekstrørslene byggjer sine teoriar og prinsipp omkring når dei tilsynelatande får ting til å virke slik dei vil. Men til visare mennesket vert i eigne augo, til lenger fjernar det seg frå Guds visdom. Den himmelske visdommen ropar derimot:

Eit kall til anger og bot

Eit kall til anger og botAv Gunnar Soppeland Me treng nåde til å tre inn i Guds ransakande lys. Det kan skape vanskar, og sjela kan bli uroa, men det kan òg føre til at han veks og me minkar. «Son min! Dersom du tek imot orda mine og gøymer boda mine hjå deg, så du vender øyra ditt til visdomen og bøyer hjarta ditt til klokskapen, ja, dersom du ropar etter skjøn og lyfter røysta di for å kalla på vitet, dersom du leitar etter det som etter sølv og grev etter det som etter løynde skattar, då skal du skjøna otten for Herren og finna kunnskap om Gud. For det er Herren som gjev visdom, frå hans munn …

Eit kall til anger og bot Les mer »

Den siste timen (III)

Den siste timen (III)Av Gunnar Soppeland Å forkynne Guds OrdForkynninga av Guds Ord vil alltid vere i fokus mellom kristne, anten arbeidet går fram eller ttende. I dag er tradisjonell forkynning i djup krise. Manglande gjennomslagskraft gjer at ho taper terreng som det berande elementet i den kristne verksemda. Emissæren er snart ein kuriositet. Personar som disponerer andre eigenskapar, verkemiddel og møteopplegg har teke plassen hans. Monologen frå talarstolen er kritisert både for si form og sitt innhald. Det er eit alvorleg faktum at Guds Ord kan forkynnast slik at det vert utan frukt. Paulus minner om at til og med Kristi kross kunne misse si kraft ved at evangeliet vart forkynt på feil måte (med vise ord). Forsvinn den …

Den siste timen (III) Les mer »

Den siste timen (II)

Den siste timen (II) Tale av Gunnar Soppeland (sommarskulen 2004) Dei godtruande Både i Rom, Galatia og Korint var det godtruande personar i forsamlingane. Det vil seie at dei støtta seg til, og trudde på, forførarane sine smigrande ord. Dei støtta seg til mange glimrande utsegner som forførarane hadde om seg sjølve. Det dei ynskte, meinte og ville, fann dei godtruande akseptabelt. Paulus vurderer dei derimot ut frå det faktiske innhaldet i forkynninga. Han ser at det er noko som ikkje stemmer med den ytre framferda deira. Og han avdekker vidare det som låg skjult under dei smiskande orda. Han skriv: «For desse er falske apostlar, svikefulle arbeidarar, som skaper seg om til Kristi apostlar. Og det er ikkje noko …

Den siste timen (II) Les mer »

Den siste timen (I)

Dette er ein artikkelserie med referat frå talene som Gunnar Soppeland hadde på Hovudsommarskulen til NLL på Moi 2004, som vil kome i bladet i tida framover. Referata er utarbeidt av Dag Rune Lid og litt omarbeidde i forhold til den munnlege forma. Den siste timen (I)Av Gunnar Soppeland «Mine born, det er den siste timen. Og liksom de har høyrt at Antikrist kjem, så har alt no mange antikristar stått fram. Av dette veit vi at det er den siste timen» (1Joh 2:18). Det er eit bestemt tidsperspektiv som Johannes her gjev oss, og han grunngjev sin påstand med åndelige kjenneteikn. Johannes tok Jesu eigne ord frå Matt 24 på alvor, der Jesus viser til både indre og ytre …

Den siste timen (I) Les mer »

Dødsalvor utan alvor!

Dødsalvor utan alvor!Dag Rune Lid i samtale med Gunnar Soppeland – Alvoret i tida ligg i eit paradoks: Midt i eit åndeleg dødsalvor, er det total mangel på alvor! Det er Gunnar Soppeland frå Årdal i Ryfylke som seier det slik når han beskriv situasjonen i det norske folk. Han er fridtidsforkynnar, aktiv skribent i ulike tidsskrift og sjølvstendig næringsdrivande. Den åndelege situasjonen i det norske folk ligg han på hjarta, og han ber på ei djup smerte over utviklinga i kristenfolket. Undertone av uroNår ein les artikklar du skriv kjenner ein på ein undertone av uro. Kva er det som uroar deg? – Som på Jesu tid står det om kor vidt Guds hus skal vere eit bønehus eller …

Dødsalvor utan alvor! Les mer »

Den sataniske nåde ropar fred og ingen fare

Den sataniske nåde ropar fred og ingen fare!Av Gunnar Soppeland Forvrengt nådeDet er ingen større fare for mennesket enn Guds vreide. Gud er ein fortærande eld mot alt som reiser seg mot han. Det er forferdeleg å falle i den levande Guds hender. Korleis skal du og eg finna ein nådig Gud? Svarer ein feil her, så vert alt feil. Diverre formidlar ikkje all trøystefull tale om Gud og hans nåde, sann nåde. Det finst ein forvrengt nåde som gjer at menneska kjem i eit forvrengt forhold til Gud, seg sjølv og til verda. Den sataniske nåde ropar fred og ingen fare. Denne nåden dekkjer ikkje syndaren mot Guds vreide, men dekkjer over Guds vreide slik at syndaren ikkje ser …

Den sataniske nåde ropar fred og ingen fare Les mer »